tirsdag 6. juli 2010

Dei endelause timene med Philip Glass

Det var vel ein gang i fjor, i ein av dei mange spennande timane med musikkhistorie på basen vår, at eg første gang fekk høyre om Philip Glass.

Kanskje eg hadde eg indirekte høyrt om han før; navnet i ein eller annan samanheng, eller brokar av musikken hans uten å vite kven som lagde denne vakre musikken. Men der og då var han like mystisk og som ein uknekt kode, nett lik universet.

Men så knekte vi han litt i timane med musikkhistorie i fjor. Philip Glass var også ein minimalistsk på lik linje med Yann Tiersen og Michael Nyman, men muligens, ikkje like kjent.

Første ordentlige møte med han var frå Glasworks-albumet hans, med 'Opening', som tok meg med storm med ein gang. Så vakker og stemningskapande musikk denne mannen skapte. Kvifor hadde eg ikkje høyrt om han før?

Og sidan har det blitt ein god del lyttestunder, men framleis er det mykje av musikken hans eg gler meg til å utforske.

Nokre har kanskje sett filmen 'The Hours' basert på Virginia Woolfs bokklassiker?
Den stemningskapande musikken fra filmen er nemmelig komponert av Philip Glass.
Ein kan verkelig lytte på det i timesvis.

Prøv du òg.

2 kommentarer:

  1. Closing-sangen hans fra Mishima-soundtracket er noe av det mest fantastiske jeg veit om <3

    SvarSlett
  2. Mitt første møte med P.Glass som jeg kan huske, var da Jørn-Bjørn Fuller Gee fremførte en tolkning av Dr. Jekyll and Mr. Hyde (helt alene på scenen i 40 min), og Philips fantastiske "Facades" dro forestillingen til nye høyder. Utrolig -jeg ble betatt av musikken med en gang :)

    SvarSlett